STILLING LEDIG:
Grannar søker journalist
Grannar treng ny medarbeidar i redaksjonen og søkjer etter journalist
Denne artikkelen er over to år gammel.
Stillinga er 100 % fast og inngår i turnus med arbeidstid kvar fjerde helg.
To kommunar, to fylkeskommunar, eit rikt næringsliv med ei rekkje milliardkonsern, aktivt landbruk, allsidig idrettsmiljø med fleire nasjonale profilar, breitt organisasjons- og kulturliv, og unike natur og fjellområde med bl.a. nasjonalpark og lakseelver - ventar den som jobbar i redaksjonen.
Søkjarar må ha genuin interesse for nyhendejournalistikk, vera idérik og ha evne til å jobba raskt og sjølvstendig både for nett- og papiravis.
Me vil legga vekt på erfaring frå journalistikk eller annan relevant utdanning, og god samfunnsinnsikt, men er også opne for andre søkjarar.
Sikker språkføring på nynorsk er viktig. Søkjarar må ha førarkort og disponera bil.
Me lover eit godt og triveleg arbeidsmiljø og spennande oppgåver.
Kontaktinformasjon:
- Arne Frøkedal, redaktør, tlf. 932 55 990
- Grethe Hopland Ravn, klubbleiar, tlf. 454 27 751