STILLING LEDIG:

Firda søker nyheitsredaktør

Vil du vere med å lage verdas viktigaste lokalavis for Firda sitt nedslagsfelt?

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Førde

Søknadsfrist: 09. januar

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

Firda held til i Førde og er lokalavis for sju kommunar i Sogn og Fjordane. Avisa har 18 årsverk i redaksjonen. Samla når Firda 39.000 lesarar gjennom mobil, nett og papiravis kvar dag. Firda blir redigert på nynorsk. Firda blir gitt ut av Firda Media AS, eit selskap i mediekonsernet Amedia.

Då Firda vart kåra til årets lokale nyheitsnettstad i 2020, sa MBL-juryen at vi boksar over eigen vektklasse og leverer ein nyheitsnettstad med særpreg. No ser vi etter ein nyheitsredaktør som kan bidra til å styrke denne satsinga. Er det deg?

I Firda arbeider vi kvar dag med å lage verdas viktigaste lokalavis i områda vi dekker. Firda skal vere best på nyheiter i vårt område. Derfor er vi på jakt etter ein engasjert og nysgjerrig person som kan leie det daglege nyheitsarbeidet i avisa. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere å leie, motivere og vidareutvikle ein redaksjon med 18 årsverk, og sørge for at Firda til ei kvar tid produserer nyheiter og innsiktssaker som er viktige og nyttige for lesarane. Personalansvaret i redaksjonen er delt mellom nyheitsredaktør og ansvarleg redaktør. I rolla som nyheitsredaktør har du eit tett samarbeid med frontsjefane i avisa. Nyheitsredaktøren rapporterer til ansvarleg redaktør Kai Aage Pedersen, er NK i avisa og sit i leiargruppa til ansvarleg redaktør.

For å lykkast i denne rolla må du ha vilje til å stå på. Du er glad i å snakke med folk. For medarbeidarane dine er du ein god sparringpartnar og har evne til å inspirere. Du har teft for nyheiter og ser dei gode vinklingane. Vi trur du har redaksjonell erfaring og solid innhalds- og publiseringskompetanse. Firda treng ein nyheitsredaktør som har forståing for og vilje til å gå inn i det nye, og som forstår dei nye digitale forteljargrepa. Du veit korleis ein når ut til publikum med innhaldet. Det er også viktig at du veit kva det vil seie å arbeide i ei lokalavis.

For å kunne gi deg betre informasjon som kandidat, har MeyerHagen spelt inn ein podkast som supplement til denne stillingsannonsen. I podkasten intervjuar vi ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen om kva type leiar han ser etter, og kva du kan forvente i rolla som nyheitsredaktør i Firda.

Firdas forventingar til deg:

Du er førebudd på varierte arbeidsoppgåver, likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig, tek ansvar for den daglege drifta av Firda, skriv god nynorsk og har førarkort for bil. Du jobbar frå Førde.

Firda kan tilby:

I Firda får du ein utfordrande kvardag der du får jobbe med alle slags stoffområde. Arbeidsmiljøet er ungt og dynamisk. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag. I 2023 flyttar Firda til nye og moderne lokale i Nynorskhuset i Førde sentrum.

Kontaktinformasjon:

Ta kontakt med våre rekrutteringsrådgivarar i MeyerHaugen:

SØK HER

Powered by Labrador CMS