STILLING LEDIG:
Lokalavisene Bø blad og Kanalen søkjer felles salsansvarleg - 100 % fast stilling
Denne artikkelen er over to år gammel.
Stillinga høyrer formelt til i Bø blad, men den som får den skal arbeide med sal for begge lokalaviser. Kontorplass blir både i Bø og på Ulefoss.
Kvalikasjonar:
- Trivst med høgt aktivitetsnivå, og blir motivert av målsetting og resultat
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- God på relasjonsbygging, og kan motivere andre
- Erfaring frå og/eller utdanning innan sal- og marknadsarbeid
- God forretningsforståing
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Kunnskap om IKT-verktøy
- Sertikat, klasse B
Arbeidsoppgåver:
- Jobbe mot lokalt og regionalt næringsliv og selje annonsar og abonnement i Bø blad og Kanalen (print og digitalt)
- Utarbeide strategiar og budsjett, samt styrke merkevaren til avishusa
- Utvikle nye og kreative måtar å drive sal på
Me tilbyr eit hektisk, men triveleg og oversiktleg arbeidsmiljø i ein spennande og utfordrande arbeidskvardag som aldri er kjedeleg. I lokalavisene er det dessutan høve til både fagleg og personleg utvikling. Pensjonsordning. Lønn etter avtale.
Kontaktinformasjon
For spørsmål og meir informasjon, ta kontakt med:
- Hilde Eika Nesje, dagleg leiar/redaktør i Bø blad, tlf. 947 89 450
- Linn Malén Vefald, konstituert dagleg leiar i Kanalen, tlf. 35 94 65 84