STILLING LEDIG:

Kvinnheringen

Kvinnheringen søker journalist til fast stilling

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidsstad: Husnes

Søknadsfrist: 28. september

Om arbeidsgivar:

Kvinnheringen er den største lokalavisa i Kvinnherad, og dei siste åra har vi hatt ein solid digital vekst. Kvinnheringen er eigd av Amedia, som er landets største utgivar av redaktørstyrte medium og leiande på lokal avisutvikling.

Amedia er landets største utgivar av redaktørstyrte medium og leiande på lokal avisutvikling. Dagleg når konsernet over to millionar lesarar gjennom sine 109 media. Konsernet har 2.100 tilsette og omsette for 4,1 milliardar kroner i 2023.

Amedia er sertifisert av Great Place to Work. Sertifiseringa bekreftar og er eit bevis på at medarbeidarane våre opplever organisasjonen som ein god stad å jobba. Les meir om korleis det er å jobba i Amedia på karrieresidene våre på Amedia.no, og følg oss på LinkedIn.

Kvinnheringen skal dagleg servera folk i Kvinnherad journalistikk om det folk flest snakkar om og er opptekne av. Vi skal levera kritisk, uavhengig og god journalistikk, og vera ei open og inkluderande avis. Derfor treng vi dei beste journalistane! Ikkje gå glipp av denne sjansen til å søka jobb i Kvinnheringen, og å bu og jobba i vakre Kvinnherad kommune.

Vi ser etter deg som:

  • trivst med å rykka ut på store og små hendingar og rapportera direkte frå felten, med tekst, bilde og video
  • er språksikker, idérik, sjølvstendig og tar initiativ
  • skjønar korleis god journalistikk skal presenterast for å vekka interesse
  • likar høgt arbeidstempo og varierte arbeidskvardagar

Vi kan tilby: 

  • eit godt arbeidsmiljø med stor fridom til å setja dagsorden
  • ei viktig rolle i ei lokalavis som skal bety noko for kvinnheringane
  • gode høve til personleg utvikling i landets største mediekonsern
  • fleksibel arbeidstid

I Kvinnherad får du:

  • svært billig barnehage
  • gratis SFO
  • kutta 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år
  • nærleik til fjord og fjell og svært mange turmoglegheiter i landet sin flottaste natur 

Å jobba som journalist krev at du er allsidig og kan bidra der det er behov. Vi treng journalistar med kompetanse og interesse for blant anna politikk, næringsliv, hendingar, kultur, sport, foto og video.Men vi vil gjerne vita meir om dei sterke sidene dine, så skriv gjerne om kva du likar best å jobba med og om du har spesialkompetanse på nokre område. Vi legg vekt på digital kompetanse og relevant erfaring, og du må ha førarkort og disponera bil.

Kontaktinformasjon: 

Om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon, kontakt:

SØK HER

Powered by Labrador CMS