STILLING LEDIG:

Firdaposten søkjer Journalist (fast stilling)

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Florø

Søknadsfrist: 2. oktober

Om arbeidsgivar:

Firdaposten er den største avisa på kysten av Sogn og Fjordane og dekkjer kommunane Kinn og Bremanger. Vi held til i sentrum av byen Florø i nye, moderne lokale. Redaksjonen består av sju journalistar. Avisa har ca. 4500 abonnentar, der 77 prosent er heildigitale. Firdaposten kjem ut på papir ein gong i veka. Avisa blei grunnlagt i 1949 og er ei av Amedia sine 108 norske aviser. Avisa blir redigert på nynorsk.
 

Amedia er den største utgivaren av redaktørstyrde meiningar og meiningar i Noreg og eit leiande nordisk mediekonsern. Amedia eig Berlingske Media i Danmark, og det redaksjonelle nettverket vårt omfattar meir enn 250 avistitlar i Noreg, Danmark og Sverige gjennom heil- og deleigde verksemder og partnarskap. Konsernet har 2 300 tilsette i Noreg og Danmark og omsatte i 2025 for 5 milliardar kroner. Dagleg når dei 108 norske avisene våre over to millionar lesarar.

 

Amedia er i fleire år kåra til ein av dei mest attraktive arbeidsgjevarane i landet og er sertifisert som Great Place To Work. Sertifiseringa stadfestar og er eit prov på at medarbeidarane våre opplever organisasjonen som ein god stad å arbeide.

Firdaposten skal utvide redaksjonen. Vi har ledig stilling som allmennjournalist i redaksjonen vår i Florø. Vi er på leit etter ein person med teft for nyheiter, interesse for nærings- og arbeidsliv, nysgjerrig på kva lokalpolitikarar driv med – og som er glad i kultur. Skulle du tilfeldigvis også vere interessert i sport, så vankar det kake første arbeidsdag.

Du må vere glad i meir enn å skrive og fotografere om du skal trivast hos oss. Både video- og lydproduksjon er populært hos abonnentane våre og er eit satsingsfelt for avisa. Du treng ikkje vere ekspert, men du må vere villig til å prøve, feile og lære.

I Firdaposten jobbar vi turnus. Det betyr at du må pårekne å gå vakter på helg og kveldar med jamne mellomrom.

Vi kan tilby deg eit svært godt arbeidsmiljø der latteren sit laust, tempoet er høgt og samhaldet står sterkt. Oppå alt dette vil du også få ei konkurransedyktig løn.

 Har du journalistutdanning eller erfaring frå faget, så er det positivt, men ikkje avgjerande. Vi ønsker eit mangfaldig arbeidsmiljø og vil derfor særleg oppmode kvinner om å søke. Du må ha førarkort på bil.

Søknadsfrist 2. oktober. 

Kontaktinformasjon

  • Svend Arne Vee, redaktør og daglig leder,                                                                                     e-post: svend.arne.vee@firdaposten.no / tlf: 908 47 465

  • Liv Standal, leiar av redaksjonsklubben,                                                                                        e-post: liv.standal@firdaposten.no / tlf: 992 94 623

SØK HER

Powered by Labrador CMS