STILLING LEDIG:

Midtsiden AS søker journalister til 100 % og 50 % fast stilling
Vil du vera med på å gjera lokalavisa Midtsiden endå betre? Vi ønskjer å utvida redaksjonen for å dekka endå meir av alt det spennande og viktige som skjer i Osbygda.
Ledige stillingar:
- Journalist, 100 % fast stilling
- Journalist, 50 % fast stilling
Midtsiden.no vaks i 2021 med 600 abonnentar, og har i alt 25.000-40.000 unike lesarar i veka.
Vi ser etter 1 til 2 journalistar som anten er allsidige, eller som spesialiserer seg innan politikk og/eller næringsliv.
For å søkja bør du vera ein som:
- Har relevant erfaring og/eller utdanning
- Er engasjert, med eigne idear og auge for interessante tema
- Evnar å jobba effektivt, men også til å setja deg godt inn i krevjande saker
- Har førarkort og disponerer eige køyretøy
- Tar gode bilde, og gjerne også har erfaring med videoproduksjon
- Det er ein fordel om du skriv nynorsk, men det er ikkje eit krav
- Det er også ein fordel om du kjenner Os godt, eller har erfaring frå ei lokalavis
Legg ved nokre arbeidsprøvar og minst to referansar.
Søknadsfrist: 20. juni
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med:
- Kjetil Vasby Bruarøy, redaktør og dagleg leiar, tlf: 907 89 270