STILLING LEDIG:
Porten søkjer journalist
-som kan bidra inn i redaksjonen ✍🏼
Denne artikkelen er over to år gammel.
Porten har nyleg blitt ein del av Polaris Media Nordvestlandet, og går spennande tider i møte. Me jaktar ein journalist som kan bidra inn i redaksjonen. Anten du kjem inn med bakgrunn som journalist, eller har ei skrivespire i deg som har lyst å lære meir om korleis ein jobbar i ein nyheitsredaksjon, så kan du fort vere den me ser etter.
Me tilbyr både grundig opplæring og tett oppfølging for dei som kjem inn i redaksjonen.
Ønskjer du å prøve deg som journalist i eit spanande nyheitsjagande team, i ein ung redaksjon med høgt tempo?
Om stillingen:
- Journalist, som og kan jobbe i sommarferien og andre feriar.
- Hovedområdet er heile Sogn.
- Stillingsprosent etter avtale.
Me er ein ung og hardtarbeidande redaksjon, som likar travle dagar. Porten dekkjer i hovedsak Årdal, Lærdal, Aurland, Luster og Sogndal, og du må rekne med å vere tilstades på ulike arrangement i Sogn. Du må rekne med å jobbe noko turnus og helg etter behov.
Hovudkontoret vårt ligg i Øvre Årdal, med Jotunheimen og Utladalen som næraste nabo. Sjekk gjerne ut Ditt Årdal og Visit Årdal. Elles har me eit avdelingskontor i Sogndal.
Har du ein ivrig skribent i deg, og ønskjer ein spennande jobb? Søk!
Det skadar ikkje om du:
- Likar å skrive og har interesse for foto
- Trivst med tempo, jobbar effektivt og presist
- Er allsidig og nysgjerrig
- Er oppteken av nyheitsbiletet og kva som engasjerer samfunnet lokalt.
- Er lærevillig og tilpassingsdyktig
- Skriv nynorsk
- Har førarkort
Me kan tilby:
- Ein sjanse til å vere med å vidareutvikle ei heildigital lokalavis
- Gode og fleksible arbeidstider
- Ein sjanse til å få teste deg sjølv i eit arbeidsmiljø med gode vilkår.
Kontaktinformasjon:
- Kristine Haglund, dagleg leiar, tlf: 948 61 766 / e-post: kristine@porten.no
- Lasse Styve Andersen, redaktør, tlf: 452 03 259 / e-post: lasse@porten.no