STILLING LEDIG:

Tell Media søker redaktør til lokalavisa Ytre Sogn

Tell Media søker ein engasjert og strukturert redaktør som vil vere med på å utvikle lokalavisa Ytre Sogn i eit lite mediehus med store ambisjonar.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Høyanger

Søknadsfrist: 1. november

Som redaktør for Ytre Sogn vil du få det overordna ansvaret for vårt redaksjonelle arbeid og innhaldsproduksjon. Ytre Sogn inngår i mediehuset Tell Media som har totalt sju tilsette, og redaksjonen består av to journalistar i tillegg til redaktør. Vi er eit lite, uavhengig og fleksibelt mediehus som sjølv bestemmer kva innhald vi skal produsere, og korleis. Hos oss får du stor påverknadskraft på din eigen arbeidskvardag og moglegheit til å realisere redaksjonelle prosjekt som du brenn for.

Om arbeidsgiver

Ytre Sogn vart etablert som lokalavis med kontor i Høyanger i 1997. Avisa kjem ut to gongar i veka på papir og har nettavis på ytresogn.no der podkastar og YSTV-innslag også blir publisert. I 2021 vart Ytre Sogn del av mediehuset Tell Media da avisa slo seg saman med design- og kommunikasjonsbyrået Finurlig.

Vi er ein ambisiøs og sulten stab som jobbar saman for å skape det beste innhaldet vi kan ut frå dei føresetnadane vi har. Ytre Sogn produserer journalistikk på nett og papir for innbyggjarane i Høyanger, Hyllestad og nordre delar av Gulen, i tillegg til eigne podkastar og innhald til nett-TV-kanalen vår YSTV.

Ansvarlig redaktør inngår sjølv i den daglege redaksjonelle produksjonen og rapporterer til styrets leiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Du vil forvalte dei redaksjonelle ressursane våre slik at vi produserer eit så relevant og interessant innhald til våre lesarar, lyttarar og sjåarar som mogleg.
  • Du vil administrere redaksjonen i det daglege og har ansvar for å følgje opp redaksjonelle satsingsområde og prosjekt.
  • Du vil kvalitetssikre innhaldet vi publiserer og følgje opp og støtte journalistane i deira arbeid.
  • Du vil sjølv produsere redaksjonelt innhald, og har erfaring og interesse for formidling via tekst, foto, lyd og video.
  • Du vil i samråd med dagleg leiar utforme den strategiske retninga for Ytre Sogn som lokalavis.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du har utdanning og/eller erfaring innan journalistikk.
  • Du er sakleg, analytisk og samfunnsengasjert.
  • Du har stor arbeidskapasitet og finn glede og motivasjon i å sjølv skape medieinnhald.
  • Du er strukturert og evnar å halde kontroll over mange lause trådar og ballar i lufta på same tid.
  • Du har ein sterk journalistisk ryggrad og er presseetisk solid.
  • Du har eit godt språk og stødige nynorskferdigheiter.
  • Du er løysingsorientert, ser moglegheiter, og evnar å levere under tidspress.
  • Du har førarkort og tilgang til eigen bil.

Vi tilbyr:

  • Den mest spanande og kjekkaste stillinga i medienorge for den rette kandidaten.
  • Stor fleksibilitet og påverknadskraft på eigen arbeidskvardag.
  • Ambisiøse og sultne kollegaer i eit lite mediehus som vil og får til mykje.
  • Løn og vilkår etter avtale.

Søknadsfrist er 1. november. Meir informasjon om stillinga finn du på tellmedia.no.

Kontaktinformasjon

Om du har spørsmål eller ønskjer å søke på stillinga:

Arbeidsstad er Høyanger.

Send CV og Søknad til stig@tellmedia.no

Powered by Labrador CMS