STILLING LEDIG:

NRK Rogaland søker distriktsredaktør

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Stavanger

Søknadsfrist: 1. mars

Om arbeidsgiver:

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

I NRK Rogaland jobbar til saman over 40 dyktige medarbeidarar, i Stavanger og Haugesund. Kvar einaste dag brenn dei for samfunnsoppdraget sitt; å fortelje dei viktigaste historiene frå fylket til eit lokalt og nasjonalt publikum - på radio, TV og nett.

No treng eit av dei mest spennande nyheitsmiljøa i landet ein ny redaktør. Vil du vere med å forme journalistikken i NRK og i Rogaland - og leie redaksjonen vidare inn i den digitale framtida, i nye og moderne lokale i Mediebyen Stavanger?

Vi ser etter ein visjonær distriktsredaktør med klare tankar for korleis NRK Rogaland bør utvikle seg. Du er strategisk sterk og likar å jobbe med dei store linjene, men også vere tett på journalistikken.

Du har ambisiøse mål for korleis vi skal vinne nyheitskampen og lage det beste innhaldet for publikumet vårt. Du må vere trygg på etiske og redaksjonelle vurderingar og kunne ta tøffe val.

Du har ein tydeleg, inkluderande og samarbeidande leiarstil, har stor arbeidskapasitet og evne til å jobbe godt under press. Du ser alle rundt deg, er ein lagspelar og opptatt av at folk har det bra på jobb.

Du likar at media og publikum er i endring og veit korleis du skal styrke NRK Rogaland sin plass i dette landskapet. Du likar å tenke nytt, arbeider strukturert og er handlekraftig.

Distriktsredaktøren har redaktøransvar for daglege sendingar på radio og tv, og for nyheitsjournalistikken som blir produsert til alle plattformer. I tillegg har redaktøren ansvar for oppskriftstenesta NRK Mat, podkasten Øyeblikket og Utakt på NRK P1. For tida produserer kontoret også dokumentarserien "Cowboyen og kongen". Redaktøren har personalansvar i tillegg til budsjettansvar for heile kontoret. Redaktøren er ein del av leiargruppa i NRK Vest. Gjennom å vere i ei redaktørlinje er redaktøren sentral i strategiske diskusjonar og prosessar på tvers av NRK.

Distriktsredaktøren vil vere sentral i den vidare utviklinga av medieklynga i Stavanger. I 2025-26 flyttar vi inn i nye og moderne lokale i Mediebyen Stavanger, og denne prosessen vil vere ei av dei store og spennande organisatoriske oppgåvene for redaktøren dei næraste åra.

Vi ser etter ein redaktør som

  • Har erfaring frå redaksjonell leiing
  • Relevant høgare utdanning
  • Er trygg på etiske og redaksjonelle val
  • Er visjonær, likar og får til endring
  • Bygger gode relasjonar og er open og ærleg
  • Er ein entusiastisk formidlar
  • Er robust og taklar press

Vi tilbyr

  • Svært spennande leiarstilling i ei mediebedrift i endring og med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Ein redaksjon med dyktige medarbeidarar og svært godt arbeidsmiljø
  • Høve til å vere med å forme NRK sin strategi
  • Eit stort leiarnettverk
  • Løn etter avtale
  • AFP og svært gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Nysgjerrig? Vil du vite litt meir? Ta gjerne kontakt for ein konfidensiell og uforpliktande samtale.

  • Rune Møklebust, regionredaktør, tlf: +47 975 85 849

SØK HER

Powered by Labrador CMS