Me er på jakt etter ein person som har evne til å skapa eit positivt engasjement for lokalsamfunnet og som også kan vera med å setja dagsorden, både på papir og digitalt.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Fast
Arbeidsstad: Våge, Tysnes
Søknadsfrist: 10. juni
Om arbeidsgjevar:
Bladet Tysnes er lokalavis for Tysnes, utflytta tysnesingar og ferierande i kommunen. Med eit opplag på 2.089 er «Tysnes» den lokalavisa i Norge med høgast opplag i høve til folketalet. Avisa har to faste journaliststillingar og fem tilsette. «Tysnes» har papiravis kvar torsdag og publiserer dagleg på nett. Redaksjonen held til like ved Våge ferjekai i Tysnes, sentralt i Sunnhordland, med kort reiseveg til Stord og Bergen.
Bladet Tysnes er den leiande mediebedrifta i Tysnes kommune, og skal også vera den føretrekte informasjonskanalen i framtida. Bedrifta gjev ut papiravisa «Tysnes» ein gong i veka, og publiserer dagleg på nettavisa www.tysnesbladet.no. I tillegg kjem store temaaviser som juleavis, påskeavis, temaavis om ungdom og utdanning, haustavis og ei eiga stor sommaravis.
Med over 2.000 faste abonnentar er «Tysnes» den avisa i Norge som har høgast abonnementstal i høve til innbyggjartalet i utgjevarkommunen.
Noverande redaktør nærmar seg pensjonsalder og ynskjer å trappa ned. Styret i Bladet Tysnes AS er difor på jakt etter ein arvtakar som kan leia lokalavisa på Tysnes vidare framover, og fungera både som ansvarleg redaktør og dagleg leiar. Me er på jakt etter ein person som har evne til å skapa eit positivt engasjement for lokalsamfunnet og som også kan vera med å setja dagsorden, både på papir og digitalt.
Avisa blir redigert på nynorsk.
Som ansvarleg redaktør/dagleg leiar skal ein:
• Leia det redaksjonelle arbeidet, på papir og på nett
• Delta i vaktordninga i redaksjonen
• Ha personalansvar
• Ha overordna ansvar for rekneskap og budsjett og rapportera til styret
• Vera sekretær for styret i avisa
• Det vil vera eit krav at den som blir tilsett må bu fast i Tysnes
Me kan tilby:
• Ei variert og spennande stilling i lokalavisa i reiselivskommunen Tysnes, med mange spennande bedrifter - sentralt plassert midt i Sunnhordland
• Løn og arbeidsforhold etter avtale
• Eit godt arbeidsmiljø i ei lita bedrift
Kontaktinformasjon
For meir informasjon, ta kontakt med:
Elisabeth Anfinsen Seim, styreleiar, tlf: 982 51 612