STILLING LEDIG:

NRK Unormal søker programleiar

No søker vi ein ny profil som vil bruke seg sjølv for å formidle kunnskap, spre glede og hjelpe tenåringar med å takle livet.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Midlertidig

Arbeidssted: Trondheim

Søknadsfrist: 8. Mai

Om arbeidsgivar

Om arbeidsgivar

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Unormal er NRK sitt univers for tenåringar. Vi skal nå ungdom med underhaldande innhald om kropp og identitet, på dei plattformene som er relevante. I dag lagar vi podkast, videoar på Youtube og Snapchat, og eigne seriar for NRK TV.

Arbeidsstad er i Trondheim, og jobben varer i første omgang ut 2021.

Arbeidsoppgåver

Du er ein av profilane i Unormal, og snakkar med følgarane våre både gjennom kameralinsa og i kommentarfeltetDu er framfor kamera på opptak, er med på direktesendingar på Youtube og er ei av stemmene i podkasten vårDu tek del i heile produksjonen, frå utvikling av idear, research og manus til ferdig program

Kvalifikasjonar

Vi søker ein nysgjerrig programleiar som vil lage underhaldande og lærerike videoar for ei ung målgruppe. Innhald, form og formidling skal være personleg og ekte. Det betyr at du må vite kva unge folk er opptatt av og ta behova deira på alvor.

Du trivst framfor kamera og byr på deg sjølvDu tek ansvar for å bidra med gode idear til innhaldDu likar å jobbe i teamDu er nysgjerrig og likar å lære og prøve nye tingDu ønsker å være eit godt førebilete for ungdomDu toler høgt tempo og at andre har ei mening om det du gjer

Personlege eigenskapar

Du må ha stor interesse for populærkultur og det som skjer på internett Du har kunnskap om og identifiserer deg med ei ung målgruppe Du er bevisst på korleis du brukar språket, skriftleg og munnlegDet er ein stor fordel om du har erfaring med å redigere video og/eller har journalistisk kompetanse

Vi tilbyr

Eit ambisiøst arbeidsmiljø i ein ung redaksjon i Trondheim, der mange av de flinkaste folka i mediebransjen jobbar.Stor kreativ fridom og moglegheit til å vere med å utforme NRK sitt tilbod til unge.

Du må sende inn ein video av deg sjølv for å bli vurdert. I videoen skal du fortelje om deg sjølv og noko som er viktig for deg. Videoen kan ikkje vere lenger enn 2 minutt.

Vi oppfordrar spesielt deg som er nynorskbrukar og/eller har fleirkulturell bakgrunn til å søke.

Kontaktinformasjon:

  • Kirsti Svensgaard Moe, faggruppeleiar / 414 38 422
  • Mari Langva, prosjektleiar / 994 64 774

Søknadsfrist: 08.05.21
SØK HER

Powered by Labrador CMS