STILLING LEDIG:

Norec søker kommunikasjonsrådgiver

Brenn du for kommunikasjon, nettverk og bistand? Då har vi jobben for deg

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Førde

Søknadsfrist: 8. mars

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec – tidlegare Fredskorpset) er ein statleg etat under Utanriksdepartementet. Vi forvaltar tilskot til internasjonal utveksling av tilsette mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg. Vi deler ut 140 millionar bistandskroner i året.

I Norec vil du få 40 engasjerte kollegaer som har heile verda som sin arbeidsplass. Kommunikasjonsavdelinga i Norec består av eit team på fem, som både jobbar med kommunikasjon og nettverksarbeid.

Vi produserer film, tekst og innhald til sosiale medium, nettside og nyheitsbrev. Vi jobbar tett med programavdelinga i å knyte til oss nye partnarar i både inn- og utland. I tillegg hjelper vi alle avdelingane i Norec med intern og ekstern kommunikasjon. Når verda er covid-fri, vil du også få høve til å besøke partnarar i inn- og utland.

Vi vil no styrke teamet med ein ny medarbeidar. 


Dette ser vi etter:

  • Du kan formidling! Du veit kva som verkar i digitale kanalar og kan lage innhald til desse flatene på ein kreativ måte.
  • Du kan måle og analysere resultat, og bruke desse til å spisse innhald på nettside og sosiale medium.
  • Du har svært god skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk, og klarar å forenkle fagstoff til klart og tydeleg språk.
  • Du har erfaring frå pressehandtering og innsalg.
  • Du jobbar sjølvstendig og har eit godt auge for dei gode sakene, og kan lage spissa innhald retta mot spesifikke målgrupper.
  • Du trivast med å kartlegge og kontakte verksemder som kan ha nytte av internasjonal utveksling.
  • Du har erfaring frå å planlegge og gjennomføre store arrangement.
  • Det er ein fordel om du også har kjennskap til norsk politikk, næringsliv og utviklingspolitikk.

Kvalifikasjonar:

  • Du har utdanning/erfaring innan digital marknadsføring, innhaldsproduksjon og/eller journalistikk.
  • Det er ein fordel om du har kjennskap til Adobe-pakken, især Lightroom, Photoshop, Premiere Pro, InDesign.

Vi kan tilby deg:

I Norec vil du få dyktige kollegaer som er opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø. Som del av eit lite team, har du stor påverknadskraft og moglegheit til å forme korleis vi driv kommunikasjonsarbeid. Vi har gode velferdsordningar, vaflar og quiz om fredagane, og om du likar å trene, kan du gjere det i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid, så du når ein topptur før du stemplar inn om morgonen.

Generell informasjon:

Stillinga vert løna innanfor statens lønnsregulativ som rådgivar/kode 1434 eller seniorrådgjevar/kode 1364. Stillings- og lønsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Norec legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søke stillinga, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege, sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista. Dersom dette ikkje vert tatt til følge, vil søkaren bli varsla om dette.

Kontaktinformasjon:

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med:

Søknadsfrist: 08.03.2021
SØK HER

Powered by Labrador CMS