STILLING LEDIG:

­Universitetet i Bergen søker kommunikasjons­direktør

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Bergen

Søknadsfrist: 11. april

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna ansvar for UiB sitt eksterne og interne kommunikasjonsarbeid
  • Redaktøransvar for universitetet sine eigne kanalar
  • Støtte universitetsleiinga, fakulteta og avdelingane i strategiske og kommunikasjonsfaglege spørsmål
  • Leie arbeidet med å profilere og bygge omdømmet til UiB
  • Støtte UiB sine forskings- og utdanningspolitiske merkesaker
  • Leie Kommunikasjonsavdelinga og legge til rette for kompetanseutvikling for medarbeidarane

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad eller tilsvarande. I særskilte tilfeller kan manglende formell utdanning kompenseres ved lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og videreutdanning.
  • Brei samfunnsinnsikt og kunnskap om offentleg sektor
  • Sterk motivasjon til å vidareutvikle UiB
  • Motiverande leiarstil med vekt på samarbeid og dialog
  • Solid erfaring med kommunikasjon som strategisk endringsverktøy
  • Dokumenterbare resultat og erfaring innan strategisk kommunikasjon
  • Erfaring med målstyring, og budsjett- og resultatansvar

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter nærare avtale i stilling som avdelingsdirektør (kode 1060)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Kontaktinformasjon:

  • Universitetsdirektør Robert Rastad / 416 01 787
  • Assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden / 975 57 140

Søknadsfrist: 11.04.2021
SØK HER

Powered by Labrador CMS