STILLING LEDIG:

Nynorsk mediesenter søkjer leiar

Vil du forme morgondagens journalistar?

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Førde

Søknadsfrist: 14. februar

Om arbeidsgivar

Om arbeidsgivar

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.


Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Nynorsk mediesenter er NRK sitt strategiske rekrutteringstiltak for å få fleire nynorskbrukande journalistar. Senteret ligg i Førde og har til no lært opp 165 nynorskpraktikantar. Over halvparten av dei arbeider i dag i media, om lag 40 prosent av dei i NRK.

Mediesenteret rekrutterer og lærer opp ti dyktige og stolte nynorskpraktikantar i året, i tett samarbeid med mange avdelingar i NRK. Senteret driv også kursverksemd i nynorsk. No treng Nynorsk mediesenter ein ny leiar.

Arbeidsoppgåver, kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Leiaren har det strategiske ansvaret for utviklinga av mediesenteret, og for rolla og oppgåvene det har i og utanfor NRK. Samtidig er leiaren tett på den daglege drifta og har ansvaret for å finne, rekruttere og utvikle dei beste talenta - og for å gi praktikantane dei beste føresetnadane for vidare jobb.

Vi ser difor etter ein inspirerande leiar som både har visjonane som tar mediesenteret inn i framtida, og som skapar eit godt og trygt miljø både for tilsette, og for dei unge talenta sitt første møte med arbeidslivet og journalistikken.

Vi ser etter deg som brenn for språk generelt og nynorsk spesielt, og som har evne til å spreie glede og entusiasme for godt språk.

Du har allsidig redaksjonell bakgrunn, gode leiareigenskapar, pedagogiske evner og relevant utdanning. Du må vere initiativrik og god på samarbeid slik at du lett skapar eit stort nettverk både innanfor og utanfor organisasjonen.

Vi ser etter deg som ønskjer å forme morgondagens journalistar.

Vi tilbyr:

Nynorsk mediesenter er eit tiltak for heile NRK, men ligg organisatorisk under NRK sin region vest og leiaren rapporterer til regionredaktøren.

Mediesenteret er lokalisert saman med NRK Vestland sin redaksjon i Førde, og dei har eit tett samarbeid i det daglege. Der er til saman 35 tilsette og er kjent for sitt gode og utviklande arbeidsmiljø.

Det vert for tida jobba med å realisere Nynorskhuset i Førde, ei samlokalisering av NRK, Teater Vestland, Nynorsk avissenter og Firda. Nynorsk mediesenter vil få ei sentral rolle i dette spanande prosjektet.

NRK tilbyr privat AFP-ordning og konkurransedyktige pensjons- og forsikringsavtalar.

Kontaktinformasjon:

  • Rune Møklebust, regionredaktør 975 85 849

Søknadsfrist: 14.02.2021
SØK HER

Powered by Labrador CMS