STILLING LEDIG:

Vil du bli reportasjeleiar/vaktsjef i Nynorsk pressekontor?

Vi kan tilby ein spennande og utfordrande jobb lokalisert i nye Pressens Hus i Skippergata 24 i Oslo.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Oslo

Søknadsfrist: 31. Mai

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

Nynorsk pressekontor (NPK) er ei sjølveigande stifting som har som si fremste oppgåve å produsere og distribuere stoff på nynorsk til norske medium. Mottoet vårt er «Meir på nynorsk til fleire». Årleg sender vi ut om lag 25.000 artiklar til eit førtitals faste kundar i ulike delar av landet. NPK er finansiert dels av støtte frå Kulturdepartementet, dels av eigne kundeinntekter.

NPK samarbeider med Norsk Telegrambyrå (NTB) for å styrkje posisjonen sin som leverandør av nyheiter og redaksjonelle tenester. Medarbeidarane i NPK, for tida seks i talet, er formelt tilsette i NTB med dei rettar og plikter det fører med seg. NPK har felles lokale med NTB i Pressens Hus i Oslo. Samarbeidet mellom Stiftinga NPK og NTB er regulert i ein eigen samarbeidsavtale. Les meir om Nynorsk pressekontor (NPK)

Reportasjeleiar, nestor og nestkommanderande i meir enn ti år, Kirsten Offerdal, har bestemt seg for å gå av og vi søkjer hennar etterfølgjar frå hausten 2021.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • den daglege leiinga av redaksjonen, med ansvar for desking og omsetjing
  • følgje dei løpande hendingsnyheitene
  • er stedfortreder for redaktør

Vi ynskjer ein reportasjeleiar som:

  • er god på å samarbeide og som kommuniserer godt også når det gjeld tilbakemeldingar på andre sine tekstar og innspel
  • er god til planlegge både på kort og litt lenger sikt
  • er stø på det pressetiske
  • er stø i nynorsk og glad i å skrive språket
  • er god på både å initiere og gjennomføre journalistiske prosjekt i ein liten, men effektiv redaksjon

Kontaktinformasjon:

I tilfelle internt opprykk kan det bli ledig stilling som journalist.

Søknadsfrist: 31.05.2021
SØK HER

Powered by Labrador CMS