STILLING LEDIG:

Vil du bli journalist og bruke nynorsk – her får du opplæring med løn

Nynorsk avissenter søkjer etter engasjert ungdom som vil bli journalist med nynorsk som mediespråk.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Praktikant

Arbeidssted: Førde

Søknadsfrist: 15. april

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

Stiftinga Nynorsk avissenter gjev nynorskpraktikantar opplæring og praksis i journalistikk. Vi held til i Førde, med Firda som vertsavis, og tar inn fem praktikantar i halvåret. Vi samarbeider tett med NRK Nynorsk mediesenter og har fleire felles førelesingar. Føremålet vårt er å få fram nynorskbrukande journalistar med høg digital kompetanse. Over halvparten av tidlegare praktikantar arbeider i dag som journalist på heil- eller deltid. Vi har hatt eksterne praksisplassar i aviser som Bergens Tidende, Dag og Tid, Firda, Framtida, Hallingdølen, Haugesunds Avis, Hordaland, Jærbladet, Klassekampen, Kvinnheringen, Nordhordland, Romsdals Budstikke, Stavanger Aftenblad, Sunnmørsposten, Vestnytt og Vårt Land. Opplæringa er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media/Amedia.

Vi tilbyr plass for fem praktikantar i kull 17. Opplæring og praksis i Førde i fire månader frå 16. august 2021. Deretter to månader praksis i sjølvvald avisredaksjon ut februar 2022. Løn i heile opplæringstida. Etter 16 kull har vi lært opp 68 nynorskpraktikantar sidan starten i 2013. No ser vi etter nye talent.

Nynorsk avissenter samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter i Førde, som driv tilsvarande opplæring for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Dei lyser ut det 35. kullet med same søknadsfrist, 15. april.

Vi tilbyr

  • Effektiv og intensiv opplæring i avisjournalistikk
  • Fire månader praksis i Firda Media og to månader i sjølvvald avisredaksjon
  • Variert trening i produksjon for nett, papir og sosiale medium
  • Førelesingar i språk, presseetikk, kjeldekritikk og journalistisk metode
  • Innføring i video, foto, strøyming, frontredigering, datastøtta journalistikk
  • Tett oppfølging frå lærarar og journalistar
  • Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis
  • Hjelp til å skaffe bustad i Førde

Du har

  • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
  • Samfunnsinteresse og -engasjement
  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • Førarkort klasse B
  • Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning
  • Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn

Kontaktinformasjon:

Klikk her for meir informasjon og for å søkje: www.nynorskavissenter.no

Søknadsfrist: 15.04.2021
SØK HER

Powered by Labrador CMS