Strilen og Bygdanytt søker deskar/journalist 100% (vikariat)
PublisertSist oppdatert
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Vikariat
Arbeidssted: Knarvik / Indre Arna
Søknadsfrist: 20. oktober
Om Polaris Media Vest:
I vår vesle klynge av lokalaviser finn du Strilen (Knarvik) og Bygdanytt (Indre Arna). Vi samarbeider tett, deler arbeidsoppgåver og har felles desk og leiing. Vi har òg nær kontakt med søsteravisene våre, Vestnytt (i Øygarden) og Askøyværingen (på Askøy).
Vi er ein del av Polaris Media Vest, som består av 10 lokale mediehus på Vestlandet med eit samla opplag på om lag 35 000 abonnentar og til saman 75 tilsette.
Polaris Media Vest består av 10 lokale mediehus på Vestlandet; Sunnhordland, Bømlo-Nytt, Marsteinen, Stord24, Vestnytt, Askøyværingen, Strilen, Bygdanytt, Øyposten og Randaberg 24. Mediehusene er eid av Polaris Media eller i sameierskap mellom Polaris Media og Schibsted. Det samlede opplaget er på ca. 35 000 abonnenter. Polaris Media Vest har til sammen 75 ansatte.
Vi søkjer ein engasjert journalist til eit vikariat hos oss frå 1. desember til 1. juni, i samband med foreldrepermisjon for ein fast tilsett i redaksjonen vår.
Dette er ei stilling der mykje av arbeidet er knytt til den felles digitaldesken til Strilen og Bygdanytt. Vi treng ein kollega som held tempoet oppe, har godt blikk for dei gode sakene og dei gode titlane, er systematisk og stødig i presseetikk. Stillinga inneber òg dagar og vakter med utegåande oppdrag.
Om stillinga
Vi dekkjer alt frå by til bygd, smått og stort – og du får vere med på å setje dagsorden i lokalsamfunna våre. Du blir ein del av eit fagleg sterkt og triveleg miljø. Du deskar for, og leverer saker til, begge avisene.
Mykje av kvardagen din blir på desken: å løfte, redigere og publisere saker raskt og presist. Under breaking-hendingar koordinerer du ofte arbeidet, spesielt i den første fasen. Du trivst med høgt tempo og blir ikkje lett stressa av å ha mange ballar i lufta. Når det kokar litt, trivst du godt.
I tillegg til deskjobbinga vil du òg ha dagar og vakter der du arbeider som utegåande journalist. Du må rekne med å inngå i turnus med vaktar på dag, kveld og helg.
Vi ser etter deg som
held høgt tempo og jobbar godt under press
har solid presseetisk gangsyn
er systematisk og strukturert
har godt blikk for dei gode sakene og dei gode titlane
er flink å samarbeide, og har ein god og vennleg tone med kollegaer
kan levere tekst og bilde raskt og presist
har god digital kompetanse – og tek gjerne både bilde og filmar med mobilen
har sans for etisk og effektiv bruk av AI-drivne verktøy i redaksjonelt arbeid
meistrar nynorsk (og gjerne òg bokmål)
har kjennskap til dekningsområdet vårt (ein fordel, men ikkje eit krav)
har førarkort for personbil
Vi tilbyr
ei sentral rolle i moderne lokalaviser
varierte arbeidsoppgåver og brei erfaring frå både desk og felt