STILLING LEDIG:

Ulike miljøbilder samlet

Tysvær Bygdeblad søker journalist

Me skal løfte oss – er du vår nye journalist?

Informasjon om stillingen:

Stillingstype:  Fast

Arbeidsstad: Aksdal

Søknadsfrist:  17. januar

Om arbeidsgjevar:

Tysvær Bygdeblad fyller 50 år i 2025. Me er ei partipolitisk uavhengig avis, med totalt seks tilsette. Me held til i moderne lokale i Aksdal, i andre etasje i Aksdalsenteret. Papirutgåva vår kjem ut kvar torsdag.

Folketalet i Tysvær er snart over 11 700. Kommunen har eit rikt kultur- og næringsliv, flott natur og ligg sentralt plassert på Haugalandet.

Tysvær Bygdeblad er i ei spennande utvikling. Me treng fleire på laget og søker difor ein journalist i 100 prosent stilling.

Me søker deg som har nokre års erfaring, arbeider sjølvstendig og har gjennomføringsevne og er handlekraftig. Du leverer både grundige reportasjar og raske nyheitssaker, og forstår verdien av gode bilete og video.

Har du i tillegg erfaring med sosiale medium og frontredigering, ser me fram til å lese søknaden din. Du må òg kunne gå inn som stedfortredande redaktør ved ferie og sjukdom.

Me tilbyr:

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag

  • Eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt. Tett samarbeid med naboavisene våre, Grannar og Vestavind, gir eit større redaksjonelt miljø

  • Konkurransedyktige vilkår

Førarkort er eit krav.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med redaktør: 

  • Alf Einar Kvalvåg, tlf: 918 11 592

Søknad med attestar og vitnemål sendes til
 irene@tysver-bygdeblad.no

Søknadane vert vurdert fortløpande, og endeleg søknadsfrist er 17. januar.

Powered by Labrador CMS