STILLING LEDIG:

Vestlandet

Stord24 søkjer engasjert journalist

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Oslo

Søknadsfrist: 25. mars

Om arbeidsgiver:

Logo Stord24

Stord24 er ein digital mediekanal i sterk vekst. Me dekkjer nyhende på Stord og i Sunnhordland. Avisa starta opp våren 2017 av lokale aktørar, og har frå og med 2021 vore ein del av den statlege pressestøtteordninga. I 2022 blei avisa ein del av mediekonsernet Polaris.

Stord24 ser etter ein journalist i full stilling!

Me ser etter deg som vil vera ein del av ei ung og ambisiøs avis i sterk utvikling. Stord24 er ein mindre redaksjon som i dag tel fire journalistar. Her vil du kunna bryna deg på svært varierte oppgåver som journalist.

Den viktigste eigenskapen me ser etter er at du er samfunnsengasjert og nysgjerrig på det som skjer i nærmiljøet.

Erfaring eller utdanning innan journalistikk er ein fordel, men ingen absolutt krav.

Det er viktig at du er stødig i nynorsk og glad i å formulera deg skriftlig. Du bør vera ein blid og omgjengeleg person som er glad i å snakka med folk.

Arbeidstid vil normalt vera på dagtid, men noko kveld- og helgejobbing må påreknast. Me tilbyr stor fleksibilitet i arbeidstida og konkurransedyktig løn.

Me held til i moderne kontorlokale i Kunnskapshuset i Leirvik sentrum, med god kantine med varm lunsj og treningsrom. Du bør kunna disponera eigen bil.

Me kan tilby deg ein veldig spennande jobb der ingen dagar er like!

Ønska oppstart er 1. juni eller 1. juli, men med rett kandidat er me fleksible.

Kontaktinformasjon:

SØK HER

Powered by Labrador CMS